Namn: Viviann Midtbø

Alder: 47 år

Bustad: Bryggja

Sivilstand: gift med darlingen og har to kjekke ungar

Yrke: rektor på Skavøypoll skule

– Kva planar har du for sommaren?

– Eg har sikra meg to veker med sol i Hellas, og resten av ferien vert brukt heime, i Leirgulen og litt på hytta på Hennøystranda.

– Kva har du alltid med i kofferten, og kva er ditt beste pakketips?

– Eg har alltid med myggspray, solkrem, ei lita pute til solsenga og bøker. Eg er ganske dårleg på å pakke, så eg har alltid med mange par sko for mykje og mange plagg som aldri vert brukt.

– Når slår feriekjensla inn?

– Det må vere siste dagen på arbeid når eg har landa i hagehuset på kvelden, og veit at eg ikkje treng å tenke på klokka.

– Kva er ditt beste ferieminne?

– Då vi var små og reiste på bilferie i den brune Opel Kadetten vår. Pappa stabla husteltet på taket og mamma hadde med duk som ho la på bordet når vi rasta. Eg og systera mi song mykje og bytta på å ligge på hattehylla.

– Kvar hadde du reist med uavgrensa feriebudsjett?

– Kanskje reist til Kina.

– Kva kjendis ville du ha tatt med til ei aude øy?

– Kristin Halvorsen. Det er ei dame eg har stor sans for. Ho er både dyktig og morosam.

– Kvar ville du tatt med deg sommargjestane dine?

– Eg ville vist dei den flotte kommunen vi bur i, med alle dei fine fyra, Kannesteinen, Refviksanden og Blankevasstua før eg hadde teke dei med på middag på Kraftstasjonen.

– Kvar likar du best å bade?

– I Italia, men badestampen i hagen kjem også høgt på lista.

– Kva gjer du i hagen i sommar?

– Det beste eg veit å gjere i hagen er å setje meg opp på plentraktoren og slå gras medan eg høyrer på gamle episodar av Herreavdelingen og Politisk kvarter som har hatt politiske portrett i sommar.

– Kva serverer du helst ein sommardag?

– Grilla klippfisk eller kyllingsatay med peanøttsaus.

– Kva fjelltopp er finast ein sommardag?

– Det må bli Blankevasstua saman med darlingen.