Namn: Yvonne RundereimAlder: 34 årBustad: SeljeSivilstand: gift med Freddy, mamma til Sandra og TinaYrke: kokk

– Kva planar har du for sommaren?

– Å nyte sola på Nord-Kypros. Kanskje ein tur til San Sebastián i august.

– Kva har du alltid med i kofferten, og kva er ditt beste pakketips?

– I bagasjen har eg alltid pass, visa, solbriller og mykje kle. Har ingen spesielt gode pakketips, då eg nesten alltid pakkar for mykje.

– Når slår feriekjensla inn?

– Når vi landar på flyplassen på Kypros. Vi har feriehus der, og er der på ferie kvar sommar.

– Kva er ditt beste ferieminne?

– Då eg og familien min var på utflukt på Nord-Kypros med ein lokal sjåfør. Han viste oss fantastiske plassar på øya, blant anna Turtle Beach, Belapais, og The sleeping city of Famagusta. Å sjå byen Famagusta som har stått aude sidan 1974 gjorde veldig inntrykk.

– Kor ville du reist med uavgrensa feriebudsjett?

– Då hadde eg reist til USA eller Australia.

– Kor ville du ha tatt med deg sommargjestane dine?

– Eg ville tatt dei med på Seljesanden, Selje kloster, Hovden i Ervik, Vestkapp og Silda.

– Kvar likar du best å bade?

– Eg likar best å bade i Middelhavet.

– Kva gjer du i hagen i sommar?

– I hagen lukar eg ugras og plantar litt.

– Kva fjelltopp er den finaste ein sommardag?

– Vanskeleg å velje ein fjelltopp, er jo så mange fine. Men trur det må bli Tarvaldseggja i Selje.

– Kva anbefaler du å lese i sommar?

– Eg les mykje norske seriar på ferie. Om eg skulle anbefale noko er alle bøker av Anne Karin Elstad verdt å lese.

– Kva serverer du ein sommardag?

– Ein god sommarmeny for meg er marinert sjøkreps, grilla svinefilet og panna cotta med norske jordbær.

– Kva tenker du om å ta ferie frå sosiale medium?

– Det tenker eg hadde vore bra.

– Kva eldsjel fortener ei korg jordbær?

– Atle Solheim fortener ei korg jordbær – og mykje meir – for sitt engasjement i Selje idrettslag og for Seljecup opp i gjennom tidene.