Namn: Simon Standal PavelichAlder: 25 årBustad: EidSivilstand: singelYrke: skodespelar/grafisk designar. Eller kanskje like greitt å skrive «arbeidsløyse»?

– Kva planar har du for sommaren?

– Bade, ete god mat, nyte Malakoff og flytte til Oslo.

– Kva har du alltid med i kofferten, og kva er ditt beste pakketips?

– Eg har alltid med dress, plutseleg treng ein den. Og beste pakketips er alltid å ha plass til meir.

– Når slår feriekjensla inn?

– Når Malakoff byrjar.

– Kva er ditt beste ferieminne?

– Kvar gong vi har reist til USA, heile familien, for å besøke slekta. Fantastisk.

– Kvar hadde du reist med uavgrensa feriebudsjett?

– Japan. Når ein først skal reise, kvifor ikkje ta turen til ein anna planet?

– Kva kjendis ville du ha tatt med til ei aude øy?

– Bear Gryllis. Ein må vel kome seg av øya!

– Kvar ville du tatt med deg sommargjestane dine?

– Refviksanden.

– Blir du vêrsjuk når regnet høljar?

– Elskar høljande regn! Likar best å jogge/gå på tur i regnet.

– Kvar likar du best å bade?

– Løkjaneset. 10/10.

– Kva gjer du i hagen i sommar?

– Finn fram grasklipparen.

– Kva fjelltopp er den finaste om sommaren?

– Eg er så lite på fjelltur, men kan seie at eg likar godt å sjå på Gjegnen/Hyenehesten frå huset på Løkja, spesielt når det er solnedgang.

– Kva er ditt beste festivalminne?

– Det er mange å velje mellom. Må nok køyre på med Highasakite på Malakoff i 2014. Tidleg på festivaldagen, omringa av gode vener, steikande sol og herleg musikk. Ein god andreplass må vere Den Svenska Björnstammen i 2012. Dans og høljande regn! Gode vibbar.

– Kva serverer du helst ein sommardag?

– Grillmat, meir spesifikt biff med gresk salat.

– Kva eldsjel fortener ei korg med jordbær?

– Må få fiksa ei korg med jordbær til Arnt-Ivar Naustdal!