Ungjenta frå Måløy fortel at ho aldri har vore så nervøs som ho var rett før ho skulle på scena og synge for juryen, som i år består av Morten Harket, Lene Marlin, Yosef Wolde-Mariam og Martin "Danielle" Bjercke.

- Det var både spennande og skummelt på ein gong, sidan eg skulle synge framfor kjente og etablerte artistar som skulle sei si meining om min opptreden. Og så var eg nervøs fordi det skal visast på TV og fordi eg veit at nivået på The Voice brukar å vere høgt, fortel Santiago Stønjum.

Deltakarane må gjennom fleire runder med auditionar og utslagsrunder før dei får gjennomføre auditionen som vert vist på TV.

- I rundene før TV-auditionen vert ein vurdert av TV-produksjonen, ulike produsentar, musikalsk ansvarlige og liknande. Eg synest det viser at det er eit veldig profesjonelt opplegg, seier Måløyjenta.

Blei oppfordra av produsent

Ho fortel at ho blei oppfordra til å melde seg på av ein produsent som ho jobbar med i Oslo.

- Det er mange som har spurt meg kvifor eg ikkje har meldt meg på ulike songkonkurransar på TV tidlegare, men eg har aldri vore noko interessert i det. Det at produsenten oppfordra meg gjorde meg trygg. Vi har kjent kvarandre ei stund, og eg stolte på hass vurderingsevne og lot meg overtale til å melde meg på. Det var sjølvsagt veldig spennande, seier ho.

16-åringen innrømmer at ho er litt nervøs for å sjå seg sjølv på TV.

- Eg veit ikkje korleis eg kjem til å framstå, men det vert veldig kjekt og eg gler meg til å sjå resultatet, seier ho stolt.

Den første auditionrunda i årets The Voice vert vist på TV2 mandag 21. august.