Geir Tharaldsen i Elvisfestivalen håpar dei får vist «King Creole» fredag. Foto: Marianne S. Rotihaug

Geir Tharaldsen i Elvisfestivalen håpar dei får vist «King Creole» fredag. Foto: Marianne S. Rotihaug

Må utsette kinoframsyning

Grunna tekniske problem må Elvisfestivalen utsette kinoframsyningane som var planlagt onsdag og torsdag.

– Vi oppdaga rett før vi skulle sette i gang kinoen på onsdag at det var tekniske problem på Måløy kino, forklarar Geir Tharaldsen i festivalen.

Eigentleg skulle festivalen vise både «King Creole» og «Kid Galahad» onsdag.


Gler seg til eigen elviskonsert

I år set festivalen opp ein eigen konsert for personar med utviklingshemming. Einar Kråkenes og Sivert Lillebø gler seg til å få rocke til elvismusikk.

Feilen skulle eigentleg bli retta torsdag føremiddag, og «King Creole» skulle etter planen bli vist i dag, torsdag. Problema er enno ikkje retta, og den nye planen er å vise Elvis-filmen fredag.

– Vi håpar at problemet skal bli retta i løpet av ettermiddagen, fortel Tharaldsen, som seier dei vil gje informasjon til publikum gjennom si Facebook-side.

Det er også sett opp andre kinofilmar i dag, torsdag, men desse blir flytta til onsdag i neste veke.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå