I forbindelse med arbeidet til boka om målaren Bernt Tunold, fann barnebarnet Bernt Tunold fram ei kasse frå loftet.

– Eg fann fram kassa eg hadde på loftet etter mine foreldre, som dei hadde samla opp av gamle brev, fotografi, skisseblokker og litt ulikt etter farfar og hans arbeid som Jan Landro tok med seg. Han var kjempeglad for alle breva, fortel Bernt Tunold.

Forleggar Torkjell Djupedal (t.v.) og Bernt Tunold held opp boka med bilde av sine bestefedrar, som var jamgamle og vaks opp i lag i Selje og heldt kontakten i Bergen.

Landro er forfattar av boka om vestlandsmålaren Bernt Tunold, som kom ut på Selja Forlag i fjor.

– Og så var det snakk om korleis ein kunne vareta dokumenta vidare, om dei skulle til statsarkivet i Bergen eller andre stadar. Og det blei snakk om at heller burde få dei plassert i Førde, hos Sogn og Fjordane kunstmuseum, seier Tunold, som overleverte målarutstyret og kassa til kunstmuseet då han nyleg besøkte røtene i Selje.

Avdelingsdirektør Janne Leithe ved Sogn og Fjordane kunstmuseum fortel dei er svært glade for besøket av barnebarnet til målaren og det han hadde med.

– Målarskrinet og andre ting er relevante og det skal vi no registrere og få inn det digitale systemet, seier Leithe.

Ho fortel at dette også er starten på ei utstilling i Førde.

– Vi er i gang med å finne ut korleis vi kan lage til ei Bernt Tunold-utstilling. Han er ein viktig og sentral kunstnar i Sogn og Fjordane og på Vestlandet. Vi ser at tida er inne for ei utstilling, seier Leithe.

Kassa med målarutstyr, fotografi, aktstudium, skisser og skisseblokker etter Bernt Tunold har barnebarnet overlevert Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Avdelingsdirektøren fortel at ein håpar å sjå ei mindre utstilling i Førde i løpet av eitt til tre år.

– Det er mykje velvilje blant folk som eig Tunold-bilde og det er eit ønskje som kjem utanfrå. Det gjer saka lettare for oss. Vi veit at interessa er der. Og no når vi har fått kontakt med folk med mykje kunnskap og Tunold, så er det viktig å få samla inn den informasjonen. Gjennom bokprosjektet til Landro er mykje informasjon samla inn og det er då ein enklare veg til utstilling. Vi er glade for at folk kastar seg inn i slike bokprosjekt, seier Leithe, som legg til at det er økonomiske spørsmål som gjer at museet i Førde ikkje har Tunold-utstilling før.

– Han er ein viktig og sentral kunstnar som fortener eit utstillingsløft. Det er viktig for Sogn og Fjordane kunstmuseum å løfte kunstnarane som kjem herifrå. No har ein barnebarn som er interessert i utstilling, i tillegg til forfattar, forleggjar og kunstsamlarar.