Namn: Beate PedersenAlder: 25 årBustad: kystperla KalvågSivilstand: kjærast og tre bornYrke: student til hausten

– Kva planar har du for sommaren?

– No er sommaren snart over, men har planar om å slappe av og nyte resten før skulestart på meg og eldstemann.

– Kva har du alltid med i kofferten, og kva er ditt beste pakketips?

– Har alltid sminka mi i kofferten. Det beste pakketipset må vere å ikkje pakke for mykje.

– Når slår feriekjensla inn?

– Når sola kjem fram og det faktisk ikkje regnar.

– Kva er ditt beste ferieminne?

– Det er frå i år, då eg og kjærasten hadde vår første kjærestetur, der det var fart og moro på Liseberg, bryllaup i Oslo og bading på stranda med ungane mine.

– Kvar hadde du reist med uavgrensa feriebudsjett?

– Den var lett. Det hadde blitt Bora Bora. Det er ein draum.

– Kva kjendis ville du tatt med til ei øde øy?

– Hadde måtte blitt Brad Paisley.

– Kvar ville du tatt med deg sommargjestane dine?

– Dei ville eg ha vist rundt i Kalvåg og så tatt dei med på Grotlesanden.

– Kvar likar du best å bade?

– Det må vere i Syden eller på Grotlesanden.

– Blir du vêrsjuk?

– Er vel eigentleg så vand til regnvêret på Vestlandet, men når det blir for gale så blir eg nok litt vêrsjuk.

– Kva gjer du i hagen i sommar?

– Har ingen hage sjølv, men er mykje ute hos mamma å pappa, der har vi trampoline.

– Kva fjelltopp er den finaste ein sommardag?

– Går ikkje så mykje på fjellet, men finast er utsikta ifrå Varden når ein ser utover Kalvåg.

– Kva er ditt beste festivalminne?

– Har ikkje vore på festival i år, men det beste minne er frå Breim i fjor sommar.

– Kva serverer du ein sommardag?

– Grillmat eller krabbe og reker.

– Kva synest du om å ta ferie frå sosiale medium?

– Skulle nok klart meg ei stund om eg måtte, men synest det er greitt å få med seg ting rundt om.

– Kva eldsjel fortener ei korg med jordbær?

– Det må vere min gode pappa, Bjarne Pedersen, som er leiar i Kalvåg kystlag.