Namn:  Asle Knut GangeskarAlder:  54Bustad:  Ivahavet i DeknepollenSivilstand:  giftYrke:  avdelingsleiar Tess Måløy

– Kva planar har du for sommaren?

– Eg og kona kjøpte oss bubil tidlegare i sommar, så vi har vore på litt turar på Austlandet, Nordmøre og i Sverige. Litt kvalitetstid med familien er viktig å få til.

– Kva har du alltid med i kofferten og kva er ditt beste pakketips?

– Litt usikker, kona brukar alltid å pakke for ho stolar ikkje på at eg får med meg alt.

– Når slår feriekjensla inn?

– I det sekundet eg kan slutte å sjå på klokka og berre nyte dagane.

– Kva er ditt beste ferieminne?

– Då eg og familien reiste på cruise i Middelhavet.

– Kvar hadde du reist med eit uavgrensa feriebudsjett?

– Ein månad på cruise i Karibien med heile familien, og kanskje ein svipptur til England for å sjå Chelsea-kamp.

– Kva kjendis ville du teke med deg til ei aude øy?

– Lars Monsen, for då hadde vi klart å overleve.

– Kvar ville du teke med deg feriegjestane dine?

– Vakre Flatraket.

– Kvar likar du best å bade?

– Eg likar ikkje å bade, så det er umogleg og seie.

– Kva gjer du i hagen om sommaren?

– Grillar og klipper plen.

– Kva er ditt beste festivalminne?

– Flatraksfestivalen, utan tvil.

– Kva anbefaler du å lese på årets ferietur?

– Sport, og i all hovudsak fotball.

– Kva serverar du helst ein sommardag?

– Grillribbe og flintsteik med steikte poteter, salat og fløytesaus.

– Kva tenkjer du om å ta ferie frå sosiale medium?

– Ein må følge litt med, så det verte nok litt vanskeleg. Får halde med ein dag i ny og ne.

– Kva eldsjel fortener ei korg med jordbær?

– Eg hadde utan tvil gjeve ei korg med jordbær til mi fantastisk flotte kone som stiller opp for alle, både vener og familie, og hjelper til med kva enn det måtte vere. Og så ville eg nok også gjeve ei korg jordbær til folket på Flatraket for den dugnadsånda dei syner. Heile bygda stiller opp uansett. Det er fantastisk.