Det er Stormkonsert ved Anja Midttun som står som arrangør, og i år samarbeider ho med Stadt Naturguiding som

skal ha guida tur frå Bø og over fjellet frå Selja.

– På Selja overtek så Bjørn Jensen som kjenner Selja og historia der betre enn nokon, seier Grethe Solborg Fure i Stadt Naturguiding.

Jensen tek deltakarane med frå Sunnivahellaren der deikjem ned og så rundt på klosterområdet.

– Deretter følgjer ein heilt spesiell intimkonsert i Klostertårnet med Britt Pernille Frøholm som er ein anerkjent

folkemusikkartist med eit spennande repertoar. Ho har gitt ut ei rekkje kritikerroste plater, seier Fure.

Etter konserten følgjer middag med hjortegryte og rabarbradessert i sjøbuda i Klostervågen. Maten er levert av av Barmøy Gjestehus.

På grunn av plasskapasitet vert det selt berre 20 bilettar.

– Det er framleis nokre få billettar igjen, så det er endå mogleg å melde seg på. Dette vert ei unik oppleving, og vi håpar vi også at slike spesielle arrangement kan vere med å skape ny aktivitet for Selje som turistinstitusjon, seier Fure.