– Eg fekk mail om at eg kjem til å vere først ut på TV-sendinga for eit par dagar sidan, så det er berre å vere klar måndag klokka 20.00, seier måløyjenta Andrea Santiago Stønjum.

– Eg var veldig nervøs, så det kjem nok til å vise, avslører ho.

16-åringen fortel at ho ikkje hadde tenkt at det skulle bli så nervepirrande i forkant av auditionen.

– Her heime i Måløy har eg jo vore med på mange større show, så eg kjende meg ganske godt budd. Men å stå på scena framfor drøssevis av kamera og fire kjente personar som skulle vurdere min songprestasjon var noko heilt anna enn det eg er vand med. På ein nervøsskala frå ein til ti nådde eg nok ti, fortel ho.

– Men det gjekk bra, det gjer som regel det når eg byrjar å synge.

Mange hemmelegheiter

Det som ikkje kjem fram på TV er at deltakarane må gjennom fleire rundar med utveljingar før dei kjem med til audition-rundane.

– Det blei mykje reising fram og tilbake til Oslo, mykje venting og ein del kvite løgner for å forklare reisinga, ler Santiago Stønjum.

Men no er katten ute av sekken og ho kan endeleg snakke om deltakinga.

– Det er ei lette å sleppe å halde det at eg er med på audition hemmeleg, men samtidig kan eg jo ikkje røpe korleis det går, seier ho.

Den unge måløyjenta er også hemmelighetsfull når det kjem til kven av mentorane ho helst kunne tenke seg å jobbe saman med.

– Det får vi ikkje snakke om.

Yngst av alle

Sjølv om auditionen ikkje er live er ho framleis litt nervøs for måndagen.

– Eg veit jo ikkje korleis eg blir framstilt, så det kan vere litt skummelt, men eg stolar på produksjonen.

Santiago Stønjum er den desidert yngste deltakaren i årets program.

– Det at eg er ung har eg fått kommentarar på i sju år, så eg byrjar å bli litt lei aldersfokuset no, smiler ho og håpar at alderen ikkje vil ha noko å seie for det endelege resultatet.

– Det er lett å tenke at ho er så ung, så ho får nok fleire sjansar. Det synest eg blir litt feil, seier ho og fortel at det var produsenten ho har jobba med i Oslo som pusha ho til å melde seg på.

– Han sende meg ei melding og sa han trudde eg kunne ha ein god sjanse. Eg stolar på hans vurderingar og tok han på ordet, seier sekstenåringen som godt kunne tenke seg å leve av musikken når ho vert eldre.

– Det hadde vore fantastisk.

– Minst like høgt nivå som tidlegare år

Litt over 800 håpefulle solistar melde seg på den fjerde sesongen av «The Voice».

– Det er noko færre enn førre sesong, men i The Voice er det viktigaste at dei beste stemmene er med. Talet på songstemmer er ikkje så viktig, seier pressekontakt i TV 2, Katrine Wærgeland.

Ho presiserer også at nivået minst er like høgt i årets sesong som tidlegare.

– Om lag 90 håpefulle gjekk vidare frå dei tidlege rundane til «blind auditions». Av dette vert 67 songarar vist i TV-sendingar, fordelt på ni program, fortel ho.

Etter at audition-rundane er over skal deltakarane som går vidare delta i duellrundar, der dei skal representere ein av dei fire mentorane.