Namn:  Laila NyborgAlder:  45Bustad:  RaudebergSivilstand:  kjærast, og stolt mamma til Petter og KimYrke:  hjelpepleiar i miljøtenesta

– Kva planar har du for sommaren?

– Sommarferien er over for min del, men har framleis plan om å få ein heil dag på sanden med Kim og gode vener. Sole oss, bade i sjøen og ete alle måltid der.

– Kva er alltid med i kofferten?

– Eg har alltid med solkrem, fargerike toppar, øyreproppar og eit headset til telefonen så eg kan høyre på lydbok eller musikk.

– Kva gjer du i hagen i sommar?

– Slår plen, lukar ugras og steller med blomsterbed og rosebusker frå i fjor. Eg elskar hagar!

– Kvar ville du tatt med deg sommargjestane dine?

– Spørst kor spreke dei er! Ein fjelltur til Hanekammen, og elles rundtur på Vågsøya for å oppleve den varierte og flotte naturen. Og så ein biltur rundt om i det flotte fylket vårt. Loen Skylift og Briksdalsbreen hadde vore fantastisk.

– Kva er ditt beste ferieminne?

– Sommaren 2014 var flott med mange og varme soldagar på sanden. Pakka kjølebag og bilen full kvar dag og storkosa oss. Finnast ikkje finare plass å tilbringe soldagar på enn på sanden her heime.

– Kvar hadde du reist med uavgrensa feriebudsjett?

– Då ville eg tatt med gutane mine på tur til Sør-Amerika for å oppleve mest mogleg. Hadde ikkje blitt typisk sydentur. Ein må oppleve mest mogleg av det landet ein er i har å by på.

– Kva fjelltopp er den finaste om sommaren?

– Eg hdde ein superfin tur på ­Veten medan skodda låg rundt fjelltoppane i Måløy.

– Kva anbefaler du å lese på årets ferietur?

– Lars Kepler skriv knallbra bøker. Eg har lese dei fleste.

– Kva serverer du helst ein sommardag?

– Grilla laks med potetbåtar, innhaldsrik salat og noko godt i glaset. Og sjølvsagt norske jordbær med fløyte til dessert.

– Kva eldsjel fortener ei korg med jordbær?

– Ei engasjert og veldig positiv dame som eg har gleda av å ha som gruppeleiar, Katrine Holvik Skinlo.