- Eg gler meg veldig, men er litt nervøs for korleis eg blir framstilt, uttalte Santiago Stønjum til Fjordenes Tidende i førre veke.

Då blei det også klart at Måløyjenta sin audition er den aller første som vert vist i årets The Voice.

- Om ein ønsker å sjå auditionen min må ein slå på TVen med ein gong The Voice byrjar klokka 20.00, smiler 16-åringen spent.

Allereie søndag, la TV 2 ut ein teaser til årets sesong, der delar av auditionen til måløyjenta vart vist. Den er i skrivande stund sett over 34.000 gongar. Sjå videoen under: