Jarl Wåge held Forteljarkafé på Kraftstasjonen i Måløy fredag 15. og laurdag 16. september. Arkivfoto

Jarl Wåge held Forteljarkafé på Kraftstasjonen i Måløy fredag 15. og laurdag 16. september. Arkivfoto

Slår til med to forteljarkafear

Forteljarkafeen Jarl Wåge skal ha laurdag 16. september på Kraftstasjonen i Måløy har seld så godt at den har seld heilt ut. Det blir derfor sett opp nok ein kveld der folk kan få høyre Wåge sine populære historiar også kvelden før, fredag 15. september.

- Eg eg er veldig glad for repsonsen eg har fått i Måløy. Det var jo ikkje sikkert at eg skulle få det. Men den stemninga som var sist, for meg var det ei stor oppleving. Eg brukte flere dagar på å lande, seier Wåge til Fjordenes Tidende, som refererer til Forteljarkafeen han hadde på same stad i april i år.

Då blei arrangementet meir populært enn ein hadde trudd, med venteliste og folk som ikkje slapp inn.

Når Wåge no kjem igjen, blir det med noko av det same materialet, men også nye historier.

- Det blir litt av det gamle materialet også, for eg reknar med at det kjem ein del nye folk. Men så blir det også tre nye historier som eg ikkje har brukt i Måløy før.

To av dei tre nye historiene har lokalt innhold, fortel Wåge.

- Det handlar og ting eg har opplevd i Vågsøy og litt rundtomkring, og to av dei nye historiene har også lokal tilknyting, seier Wåge, som oppmodar folk til å lage ein heilaftan av kvelden.

Jarl Wåge er frå Vågsvåg i Vågsøy kommune. Han har budd mesteparten av livet i Oslo der han har vore lærar på toppidrettsgymnaset i Bærum. No er han pensjonist.

Wåge har lang erfaring som forteljar, og er akiv i forteljarmiljøet i Oslo. I november gjekk han heilt til topps i forteljarkonkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo. Han er også ivrig samfunnsdebattant, og har i mange år skrive kronikkar og debattinnlegg i Aftenbladet og Dagbladet, i tillegg til å kåsere i Salongen i NRK P2.




Til Fjordenes Tidende fortel han at

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå