Frå torsdag til søndag er det klart for den 26. Eidamessa i rekka. Arkivfoto

Frå torsdag til søndag er det klart for den 26. Eidamessa i rekka. Arkivfoto

Skal lansere ein heilt ny «eidalåt»

Under Eidamessa som startar torsdag kan ein få oppleve Odd Erik Lothe som gatemusikant i Eidsgata. Han vil også lansere ein heilt ny «eidalåt».

På førehand har folk fått kome med innspel på kva som burde vere med i ein slik låt. Torsdag vil Lothe først spele rundt om i Eidsgata før han tek turen til Amfi der han etter kvart vil ha premiere på den nye eidalåta.


Se alle bildene fra Eidamessa:

Vikinger, ny park og yrende folkeliv

Av andre konsertar ein kan få med seg under messa er Eid spelemannslag i teltet ved Betania fredag, medan Maria Arredondo, Torstein Sødal og D-Kor underheld i Eid kyrkje laurdag. I tillegg vil Kulturskulen opptre, Nordfjord barnekor presenterer årets opera og Hjelle skulemusikk speler i gata.

Det skjer også mykje i gatebildet. Det blir vikingleir, vikingmarknad og vikingparade, og om du vil sjå kunst er det separatutstilling i Gamlebanken. Sagastad har ope hus så ein kan få sjå skipet bli bygd. Eid Minibakeri grillar i Eidsgata, Bankkjellaren er open, og laurdag er det også oktoberfest der. For barna blir det mykje å finne på med kino, hoppeslott og leikar ved Extra, og sjølvsagt Hugos Tivoli på Øyrane.
Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå