Etter at dei unge jentene hadde framført Symphony av Zara Larsson var det mentor Yosef Wolde-Mariam som skulle bestemme kven av dei to som skulle få vere med vidare i konkurransen.

Begge deltakarane var tydeleg spente og nervøse der dei stod mellom programleiar, Øyvind Mund og venta på den endelege avgjerdsla.

- Eg blir så stolt, det er akkurat som eg skulle ha gjort dette sjølv, sa Yosef og understreka at han sleit med å skulle velge mellom dei to.

- Valet mitt går på kva eg føler eg kan bidra med vidare, og kor eg føler at eg kan sjå eller vere med på ei ordentleg utvikling, heldt han fram.

- Magefølelsen min seier Andrea.

Og med det var 16-åringen frå Måløy vidare i årets The Voice-sirkus.

- Eg hadde veldig blanda følelsar, fortel sangfuglen sjølv.

- Der var verkeleg ingen ord, og eg blacka heilt ut då eg hørte namnet mitt. Det var ei stor overrasking, og eg var utruleg takksam, seier ho.

Dei andre mentorane var tydeleg imponerte over begge etter duellen, og kom med lovord til begge duellantane.

- Dokke er veldig spennande begge to, dokke var veldig leikne saman på scena, og eg naut å høyre dokke saman, sa Lene Marlin.

Både ho og Morten Harket bestemte seg for å ville prøve å "stjele" Lillen Stenberg etter at ho rauk ut av Yosef sitt lag.

Lillen Stenberg valte å gå for Lene Marlin sitt lag.