Tussa Kraftverk skriv på sine sider at dei gjennom Krafttaket ønsker å engasjere friviliige lag og organisasjonar til å gjere ei god gjerning i lokalsamfunnet mot å få sponsorstøtte.

No har dei trukke ut ti finalistar, der to av dei er frå Vanylven.

Barnekoret FRAM er blant finalistane og deira gode gjerning er at dei skal halde konsert på omsorgsenteret på Fiskå.

- Vi håpar inderleg at folk stemmer på oss, seier Heidi Endal som er dirigent for koret.

Vanylven Røde kors er også blant dei ti utvalde, og skal arrangere søk- og redningsøving for ungdomar i Vanylven.

- Ungdomane får prøve seg på bruk av radiosamband, delta i søkerekker, gi førstehjelp til skada personar og hente ut skadde personar med båre, opplyser hjelpekorpset.

Det er tal på stemmer frå publikum som avgjer kva lag som får innvilga støtte. Alle kan stemme ein gong per dag fram til fredag 29. september.

Dei to laga frå Vanylven konkurrerar mot åtte andre lag og organisasjonar frå Søre Sunnmøre.