– Eg er generelt veldig oppteken av fisk og havet, og så er eg glad i å synge i kor, samanfattar 16-åringen, som til dagleg er elev på naturbruklinja ved Måløy vidaregåande skule og også syng i Viltkoret.

– Og så heiter eg Silden då. Dette må jo berre vere noko for meg, ler han.

Sildagapet, som er årets hovudframsyning på Opera Nordfjord, handlar om sildeeventyret i Måløy på 50-talet.

Silden fortel at ein av personane som operakoret skal synge om i framsyninga er ein los på Silda ved namn Velum.

– Han budde i huset til oldefaren min, så dette blir jo nesten ei litt personleg historie for meg, og det er veldig stilig.

Fungerer som statistar

Sjølv om det nokre gongar kan kjennast litt langt å reise på korøving på Nordfjordeid angrar ikkje den 16 år gamle tenoren på at han blei med.

– Det går med ein del tid, og spesielt no er vi inne i ei hektisk og intens øvingsperiode, men eg gler meg til å få vere med på det ferdige resultatet.

Silden fortel at koret ikkje berre syng, men at dei også fungerer som statistar på scena i førestillinga.

– Og så dansar vi litt, og styrer med kulissane. Det er veldig variert og kjekt og vi får skikkeleg innsikt i handlinga.

Den unge korsongaren synest det er interessant å lære meir om korleis folket i Måløy levde under sildeeventyret for nesten 70 år sidan.

Kjenner seg att i historia

– Vi syng jo mykje om dans i Turnhallen. Det var visst veldig populært då dei kom til land med fangsten. Det er spennande når ein kjenner seg att, seier han og oppfordrar folket i Måløy til å skaffe seg billettar til operaframsyninga.

– Det er jo trass alt oss her ute det handlar om.

Til no har alle korøvingane funne stad i Valhall og gått føre seg i helgene, men dei to neste vekene vert det daglege øvingar i Operahuset Nordfjord. Orkesteret kjem til bygda 27. september, og frå då vert det berre fellesøvingar.

Operasjef Kari Standal Pavelich gler seg til å få sjå og høyre alle delane saman.

– Det er spennande med bestillingsverk som ingen har høyrt før. No håpar vi berre folk kjøper billettar og støttar opp, seier ho og lovar eit tidsriktig og flott scenebilete.

– Sjølv om historia er oppdikta, så prøvar stykket å beskrive miljøet i Måløy på best mogleg måte, så ein kan absolutt kjenne seg att, seier ho.