I mandagens episode av Jakten på kjærligheten på TV 2 dukka både Jannike Jørgensen og Marius Duestøl opp på skjermen.

Jørgensen som ein av ti kvinner som hadde blitt plukka ut til speed-date med bonden Ingvar Alstad, og Marius som ein av ti menn som skulle på speed-date med Beatrice Fjell.

I forkant av møte med bøndene fortalde Jørgensen at ho trudde det heile kom til å bli veldig spennande, og at ho håpa det skulle gnistre litt på den fem minutters lange daten.

Jørgensen uttalte også at ho synest Alstad var veldig kjekk. Ho kan imidlertidig røpe at det ikkje var ho sjølv som meldte seg på TV 2-programmet.

Skilte seg ut

Marius Duestøl kunne avsløre at han ikkje hadde ein spesiell plan for daten med Fjell, og at dersom han hadde hatt det, så ville han ikkje delt den planen med dei andre.

- Det er trossalt beinhard konkurranse dette her, påpeiker han.

Vanylvingen Marius Duestøl verka å få god kontakt med TV-bonden Beatrice Fjell i den første episoda av jakten på kjærligheten på TV 2, mandag. Foto: TV 2

Duestøl var den første som fekk gå på speed-date med Fjell som allereie under presentasjonen kunne avsløre at ho hadde lagt ekstra merke til vanylvingen.

Han skilte seg også ut frå dei andre friarane med å ha med ein heimelaga kjole i gåve, som fall i god smak hos bondejenta.

- Eg håpar ho likte gåva, men eg er sikker på at eg blei snytt for iallefall 2 og eit halvt minutt for den daten var nesten over før den starta, seire han.

Komande mandag skal bøndene velge med seg ni av ti friarar vidare.