Namn: Torill Eide TennebøAlder: 45 årAdresse: MåløySivilstatus: giftYrke: driftsleiar ved Måløy treningssenterHobby: trening og tid saman med familienAktuell med: Måløy treningssenter arrangerer Rosa sløyfe-løpet i Måløy saman med kreftforeininga i Nordfjord sjette året på rad denne helga.

– Kva er Rosa sløyfe-løpet?

– Det er i hovudsak eit motbakkeløp som går frå Torget i Måløy og opp til Veten. Vi har også eit gateløp med ei rute som strekk seg frå Torget til Turnhallen til Spiralen og tilbake til Torget att. Når ein deltek i desse løpa er ein med og støttar kreftforeininga sin Rosa Sløyfe-aksjon.

– Alle kan vere med på Rosa sløyfe-løpet! I motbakkeløpet har vi ei mosjons- og ei konkurranseklasse som går på tid. I gateløpet er det inga tidtaking, og ein kan gå, springe eller sykle så mange rundar ein vil. Det viktigaste er å vere i aktivitet. I mosjonsklassa til Veten treng ein forresten ikkje gå frå Torget sjølv om vi har ein fellesstart der. Om ein ønsker det kan ein for eksempel starte ved Trimløypa.

– Kva er hovudformålet med denne dagen?

– Vi ønsker at folk skal finne glede i å vere fysisk aktive, og prøvar å lage til ein dag der ein kan vere i aktivitet på mange ulike nivå. Og så går jo inntektene til kreftforeininga, som vi meiner er ei viktig sak å støtte.

– Vi har frå dei tidlegare åra erfart at det er få som melder seg på i forkant, men mange som kjem for å delta likevel. Så vi stressar ikkje med talet på påmeldingar. Vi legg så godt til rette for løpet som vi kan og håpar folk set pris på det og vert med oss på laurdag.

– Er det noko anna som skjer på Torget i løpet av dagen?

– Det vert full aktivitet på Torget heile dagen, med leikeområde for borna, moglegheiter for å kjøpe kaffi, og andre aktivitetar for å støtte Rosa sløyfe-aksjonen. Rett og slett ein sosial arena som vi håpar folk vil ta del i. I tillegg kjem Kreftforeininga til å ha eigen stand der dei sel effektar til aksjonen, og dei vert tilgjengelege for å svare på spørsmål. Ull og omtanke kjem også til å ha ein stand, der dei tek i mot lappane som ein kan strikke til lappeteppe dei lagar for å gi til kreftsjuke. Og så er vi veldig glade for at Andrea Santiago har sagt ja til å komme for å synge for oss på Torget.