- Det var jo veldig kjekt at det gjekk så bra, seier Inge Nyborg, som saman med kameratane John Larsen, Tore Vedvik og Reidar Sætren utgjer medlemma i JTIR hjemmebryggeri frå Vedvik.

- Vi bestrevar heile tida å lage godt øl, og vi har fått skryt for ølet vårt sidan vi starta. I tillegg synest vi no sjølv at vi lagar godt øl, så då tenkte vi at vi skulle prøve oss i denne konkurransen. At ølet er godt, fekk vi ihvertfall bekrefta no, seier Nyborg.

JTIR stilte med fire ølsortar i heimebryggkonkurransen, som til saman hadde med 23 ulike ølsortar.

Fagjuryen understreka at det var spesielt høg standard på heimebryggeria som var påmeldt i år.

- Å gå av med sigeren då er ein ganske så god annerkjennelse, seier Nyborg.

Han fortel at dei fire kompisane starta å lage sitt eige øl for litt over fire år sidan.

- Vi er fire karar som er veldig glad i godt øl. Vi smakte på andre sitt heimebrygga øl som vi synest var veldig godt og så tenkte vi at det ikkje var noko i vegen for å prøve sjølv her ute i Vedvikja. Vi har det knakandes kjekt saman, og eg trur vi kan seie at vi har lukkast med ølet også, smiler Nyborg som understrekar at ølet dei bryggar kun er til eige bruk.

- Vi har ikkje lov å selje, så det er kun til eige bruk. Men vi tar det med både her og der, og det er veldig populært fortel han.

Fleire lokale som gjorde det bra

Runar Nøstdal frå Raudeberg gjorde det også svært bra i ølbryggingkonkurransen i Stryn. Fagjuryen vurderte han til ein tredjeplass, men publikum hadde Red Alen som Nøstdal stilte med som favoritt, og han vann med det publikumsprisen.

- Det var jo sjølvsagt veldig kjekt. Eg har ikkje holdt på så lenge, berre eit lite år, men det er motiverande å sjå at ein er på rett veg, seier Nøstdal.

Han fortel at han har plukka opp litt tips om ølbrygging frå JTIR.

- Eg har vore med å brygga litt med dei tidlegare og det har vore veldig kjekt og lærerikt. Eg har lært mykje der, seier han.