Premien var ein fisketur der alle elevane fekk høve til å prøve seg med fiskestanga. Og det ser ut til at dei hadde fiskelukka med seg, for bileta viser at fangsten var god.

6. klassingane fekk i vår så i oppgåve å lage kvar sin plakat der dei presenterte ein fiskesort. På plakaten stod det blant anna informasjon om gyteplass og pris, oppskrifter og bilete eller teikningar.

Plakaten til elevane ved Raudeberg skule som handla om makrell stakk av med sigeren etter at både publikum og ein jury hadde sagt sitt om alle dei elleve plakatane som var stilt ut på Vågdøy folkebibliotek.

Nils Myklebust viste fram vinnaren av plaktakonkurransen under Havfiskefestivalen. Denne var laga av elevar ved Raudeberg skule.