– Det er veldig bra at barne- og ungdomsskulane ser nytta i prosjektet. Teknologi vert jo berre meir og meir aktuelt, seier prosjektleiar ved Eid vidaregåande skule, Irene Hillestad.

Laga skal konkurrere om den beste idéen til innovasjon, best marknadsføring, best mogleg samarbeid, og ikkje minst om å få robotar til å utføre gitte oppgåver på bane. Det overordna oppdraget er i år Hydro Dynamics, altså vatn i menneska sitt kretsløp.

– Elevane skal finne ei problemstilling om menneska sin bruk av vatn. Dei skal snakke med næringslivet for å finne problem som dei kan vere med å løyse med sine idéar.

Konkurransedagen vert 11. november, og dei påmelde laga konkurrerer om å gå vidare til nordisk finale på Fornebu tidleg i desember.

Hillestad fortel at elektroelevar ved Eid vidaregåande reiser rundt og lærer opp deltakarelevane i dataprogrammering, og understrekar at det er god læring for dei også.