Tonen blei fort sett då Kjellen forklarte at han var frykteleg forelska i «nyefruen» som han møtte på Tinder, men at han likevel trengde litt legehjelp for å «ta laust» eit maskineri som ikkje hadde vore starta på 30 år. Folk lo frå første sekund.

Han fortel at dei selte om lag 230 billettar til showet.

– Det var mykje folk og god stemning. Det var både yngre og eldre, og folk frå Åheim til Florø. Dette var eit av dei beste showa han har hatt, så vi er veldig fornøgde, smiler Silden Totland.