Kjellen sørga for mykje latter blant dei om lag 230 frammøtte i Samfunnshallen laurdag kveld. Foto: Svanhild Breidalen

Kjellen sørga for mykje latter blant dei om lag 230 frammøtte i Samfunnshallen laurdag kveld. Foto: Svanhild Breidalen

Folk lo godt av «Kjellen» med ny dame

Det var nær full sal då Thomas Ryste lét Kjellen frå fritt spelerom på scena i Samfunnshallen.

Tonen blei fort sett då Kjellen forklarte at han var frykteleg forelska i «nyefruen» som han møtte på Tinder, men at han likevel trengde litt legehjelp for å «ta laust» eit maskineri som ikkje hadde vore starta på 30 år. Folk lo frå første sekund.


– Eg trur publikum følte at det var med på ei reise, og det var latter heile vegen, seier dagleg leiar Ronny Silden Totland i Nordfjordhallen.

Han fortel at dei selte om lag 230 billettar til showet.

– Det var mykje folk og god stemning. Det var både yngre og eldre, og folk frå Åheim til Florø. Dette var eit av dei beste showa han har hatt, så vi er veldig fornøgde, smiler Silden Totland.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå