– Det var veldig flott. Det er noko spesielt med det å kome inn i ein låve, der det tidlegare har vore gardsdrift, å få sjå den i ei heilt anna setting med musikk, bygdefolk og naboar, seier Midttun.

Og nettopp noko spesielt er det Midttun ønskjer å få til med Stormkonsertane.

Konserten med Synneva Noel og Alexander Grieg var den åttande Stormkonserten i rekka, og for artistane og dei 26 frammøtte vart det ei flott oppleving i Antonfloren.

– Artistane sa med ein gong dei kom inn at det var eit heilt fantastisk lokale med god lyd, og alle som kom har gitt veldig gode tilbakemeldingar om eit godt samspel mellom artistane og ei flott atmosfære i låven, forklarar Midttun.