Kulissane er flotte på operaen «Sildagapet – ein opera om havets sølv». Onsdag er det verdspremiere på Opera Nordfjord. Scena med fiske av store mengder sild er løyst på denne måten. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Kulissane er flotte på operaen «Sildagapet – ein opera om havets sølv». Onsdag er det verdspremiere på Opera Nordfjord. Scena med fiske av store mengder sild er løyst på denne måten. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Operasjefen står for den offisielle opninga

Operasjef Annilese Miskimmon ved Den Norske Opera & Ballett kjem til premieren på operaen Sildagapet i Operahuset Nordfjord i morgon. Ho skal stå for den offisielle opninga av operavekene i Nordfjord.

– Det er stor stas for Opera Nordfjord å få besøk av den nye operasjefen, som kjem frå Irland, og som tok til i stillinga ved Nasjonaloperaen 1. august, heiter det i ei pressemelding. 


Klare for å vise fram sin «heimesnikra» opera

Med sildehistorie frå Måløy og lokale og regionale aktørar i store roller, er årets hovudoppsetting på Opera Nordfjord knytt tettare til lokalmiljøet enn nokon gong.

Miskimmon er utdanna innan litteraturvitskap og kunstadministrasjon og har arbeidd ei årrekkje som teatersjef og regissør. Ho har tidlegare vore tilsett ved Glyndebourne-festivalen og Opera Theatre Company i Dublin og kom til Oslo frå stillinga som operasjef ved Den Jyske Opera i Århus i Danmark.

– Det er snart heilt fullt på premieren på tingingsverket om sildefisket på 1950-talet, der handlinga er lagt til Måløy, som var ei viktig sildehamn i etterkrigstida, heiter det vidare i meldinga.

Operraen er skriven av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde.

Det vert vist i alt 8 framsyningar i Operahuset Nordfjord i perioden 4.-15. oktober.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå