Først ut er Norah Vårdal frå Stadlandet. Ho ser ofte på dei som surfar på dei store bølgjene, og har sjølv lyst til å lære seg å surfe. Samstundes syns ho det ser vanskeleg ut og er redd for å bli kasta rundt under bølgjene.

Norah er det første barnet frå Sogn og Fjordane som vi møter når det er premiere på serien tysdag 3. oktober.

Norah Vårdal (6) frå Stadlandet skal i første episode forsøke å lære seg å surfe. For å lære seg å halde balansen øver ho seg mykje på rullebrettet sitt.

Klart eg kan blir laga av NRK Sogn og Fjordane, og serien har ifølge TV-kanalen som mål å få barn til å tru på seg sjølv og at dei kan klare mykje. Episodane blir sendt på NRKSuper kvar tysdag.

I løpet av hausten får vi også møte to andre lokale barn. Rithusha Rohan frå Måløy er flink til å spele piano, og pianolæraren spør om ho vil spele kyrkjeorgel framfor masse folk. Sjåarane får følgje Rithusha fram mot den store konserten i kyrkja.

Magnus Aardal Yri frå Stårheim blir også å sjå på tv-skjermen. Magnus går ofte turar i fjellet, og no er målet å gå på Galhøpiggen.

Magnus Aardal Yri frå Stårheim går ofte på fjellet, og i episoden skal han prøve å gå på Galdhøpiggen. Aller mest gler han seg til å sjå på utsikta.