Rithusha Rohan frå Måløy møter vi i siste episode av TV-programmet «Klart eg kan» sin sjuande sesong. I episoden får vi sjå at pianolæraren hennar spør om ho vil spele kyrkjeorgel på ein konsert med mykje folk i Sør-Vågsøy kirke.Ho er ein av tre lokale barn som vi møter i denne sesongen av «Klart eg kan». Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK
(Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK)

Rithusha Rohan frå Måløy møter vi i siste episode av TV-programmet «Klart eg kan» sin sjuande sesong. I episoden får vi sjå at pianolæraren hennar spør om ho vil spele kyrkjeorgel på ein konsert med mykje folk i Sør-Vågsøy kirke.Ho er ein av tre lokale barn som vi møter i denne sesongen av «Klart eg kan». Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK

Tre lokale barn skal vise kva dei kan på barne-TV

Rithusha Rohan frå Måløy, Norah Vårdal frå Stadlandet og Magnus Aardal Yri frå Stårheim blir alle ein del av den sjuande sesongen av NRKSuper- serien «Klart eg kan».

Først ut er Norah Vårdal frå Stadlandet. Ho ser ofte på dei som surfar på dei store bølgjene, og har sjølv lyst til å lære seg å surfe. Samstundes syns ho det ser vanskeleg ut og er redd for å bli kasta rundt under bølgjene.

Norah er det første barnet frå Sogn og Fjordane som vi møter når det er premiere på serien tysdag 3. oktober.

Norah Vårdal (6) frå Stadlandet skal i første episode forsøke å lære seg å surfe. For å lære seg å halde balansen øver ho seg mykje på rullebrettet sitt. Foto: Stine Kyrkjebø Johansen/NRK
(Foto: Stine Kyrkjebø Johansen/NRK)

Norah Vårdal (6) frå Stadlandet skal i første episode forsøke å lære seg å surfe. For å lære seg å halde balansen øver ho seg mykje på rullebrettet sitt. Foto: Stine Kyrkjebø Johansen/NRK Foto: Stine Kyrkjebø Johansen/NRK

Klart eg kan blir laga av NRK Sogn og Fjordane, og serien har ifølge TV-kanalen som mål å få barn til å tru på seg sjølv og at dei kan klare mykje. Episodane blir sendt på NRKSuper kvar tysdag.

I løpet av hausten får vi også møte to andre lokale barn. Rithusha Rohan frå Måløy er flink til å spele piano, og pianolæraren spør om ho vil spele kyrkjeorgel framfor masse folk. Sjåarane får følgje Rithusha fram mot den store konserten i kyrkja.

Magnus Aardal Yri frå Stårheim blir også å sjå på tv-skjermen. Magnus går ofte turar i fjellet, og no er målet å gå på Galhøpiggen.

Magnus Aardal Yri frå Stårheim går ofte på fjellet, og i episoden skal han prøve å gå på Galdhøpiggen. Aller mest gler han seg til å sjå på utsikta. Foto: Stine Kyrkjebø Johansen/NRK
(Foto: Stine Kyrkjebø Johansen/NRK)

Magnus Aardal Yri frå Stårheim går ofte på fjellet, og i episoden skal han prøve å gå på Galdhøpiggen. Aller mest gler han seg til å sjå på utsikta. Foto: Stine Kyrkjebø Johansen/NRK Foto: Stine Kyrkjebø Johansen/NRK

 
Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå