– Her blir det mykje artig. Vi får blant anna besøk av brannbamsen Bjørnis, som har fokus på brannførebygging, fortel brannsjef Kim Hjelle.

Nytt på den opne dagen laurdag er at alle kan få prøve å sløkke ein brann i eit kar. I tillegg kan dei frammøtte få bli med på tur i brannbilen.

Han fortel formålet med dagen er å sette fokus på branntryggleik.

– Det plar kome mellom 500 og 600 personar på desse dagane. Dette er noko som passar like godt for både store og små, slår brannsjefen fast.

På den opne dagen på brannstasjonen i Måløy blir det også selt vaflar til inntekt for organisasjonen Brannmenn mot kreft.

– Dette er noko vi ønskjer å sette fokus på, seier Hjelle.