Bjørnis er ein bamse som primært er utvikla for å møte barns behov for omsorg og tryggleik ved ulykker og ved traume. Han kjem på besøk for å lære barn om brannførebygging på den opne dagen. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug

Bjørnis er ein bamse som primært er utvikla for å møte barns behov for omsorg og tryggleik ved ulykker og ved traume. Han kjem på besøk for å lære barn om brannførebygging på den opne dagen. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug

Får besøk av brannbamsen

Laurdag inviterer Vågsøy brann og redning til open dag på brannstasjonen.

– Her blir det mykje artig. Vi får blant anna besøk av brannbamsen Bjørnis, som har fokus på brannførebygging, fortel brannsjef Kim Hjelle.

Nytt på den opne dagen laurdag er at alle kan få prøve å sløkke ein brann i eit kar. I tillegg kan dei frammøtte få bli med på tur i brannbilen.


– Det er mange ungar som blir skremt når dei ser brannbilane. Dei er store og kan vere litt skumle, og så er det jo sjeldan det er noko hyggeleg som skjer når vi er ute og køyrer. Så vi ønskjer å vise ungane at det ikkje er så skummelt som dei kanskje trur, forklarar Hjelle.

Han fortel formålet med dagen er å sette fokus på branntryggleik.

– Det plar kome mellom 500 og 600 personar på desse dagane. Dette er noko som passar like godt for både store og små, slår brannsjefen fast.

På den opne dagen på brannstasjonen i Måløy blir det også selt vaflar til inntekt for organisasjonen Brannmenn mot kreft.

– Dette er noko vi ønskjer å sette fokus på, seier Hjelle.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå