Var med i Lingekompaniet:

Ny bok om ein av Noregs siste gjenlevande motstandsmenn frå krigen

Gunnar Myklebust er aktuell med eit sterkt portrett av ein av Noregs siste gjenlevande motstandsmenn frå krigen; Ragnar Ulstein.

Då den andre verdskrigen braut ut, drog den unge Ragnar Ulstein med båt til England, der han blei med i Lingekompaniet. Han fekk opplæring i geriljakrig og var på fleire hemmelege operasjonar i Noreg.

Boka beskrives som eit personleg portrett av ein av våre viktigaste historikarar – ein mann med eit brennande hjarte og sterk sans for rettferd.

– Dette er forteljinga om ein fredens mann som i prøvelsens time var villig til å ty til våpen for å forsvare den nasjonale fridomen. Ein mann som har brukt eit langt liv på å dokumentere den kampen som han og tusentals andre deltok i for å slå tilbake det nazistiske overfallet mot Noreg, skriv Gunnar Myklebust i ei pressemelding.

Boka hadde lanseringsdato 9. oktober.

Gunnar Myklebust (f. 1950) er journalist og forfattar. Han har vore utanriksmedarbeidar i NRK, og var i perioden 1993–1997 NRKs korrespondent i USA. Han har tidlegare skrive boka Tungtvannssabotøren om Joachim Rønneberg og Ishavet, ei bok om norsk fangsthistorie.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå