Sjølv kom måløyværingen på andre plass i Idol 2014. No føl han spent med på korleis det går med Andrea Santiago Stønjum i The Voice.

Sjølv prøvde han å få ei god oppleving under kvar direktesending han var med på.

– Det eg tenkte på var å prøve å nyte det så lenge det varte. Rett og slett fokusere på å ha det kjekt. Eg tenkte aldri at eg måtte opp på scena å skjerpe meg, berre at eg måtte levere alt eg kunne.