Laurdag blir det halloween-disko for barn frå 0 år og opp til 7. klasse i andre etasje i Frøyenhuset i Kalvåg.

Seinare same kveld er det komlefest i Dalen Grendalag.

Søndag blir det dobbel markering av Knekkevasshytta som feirar 100 år og samtidig vert fullverdig ubetent hytte i Den Norske Turistforening.

– Vi arrangerer open hytte med servering av rømmegraut, spekemat, kaffi og kake og historiske tilbakeblikk. Vi gjer dette i god turånd med at turfolket sjølve finn vegen ved å gå T-merka sti frå Sørdalstrappa. Vi ønsker medlemmar og andre turgåarar frå heile Bremanger kommune velkommen til å bli med på feiringa og å bli kjend med Knekkevasshytta, skriv Keipen Turlag.

Søndag ettermiddag vert det frikøyring på Kalvåg Motorsportbane og Bremanger idrettslag inviterer til basar i Bremangerhallen på Hauge.

Frå fredag til søndag er det haustworkshop i yoga med Sollid Yoga på Knutholmen i Kalvåg.