Det var MGPjr.-bonanza i Operahuset på Eid måndag kveld då Oselie Henden (14) vart feira etter alle kunstens reglar med festtalar, marsipankake, gåver og full jubel.

Og jammen dukka ikkje Vilde & Anna også opp. Då Oselie Henden vart utropt til vinnar i Telenor Arena seint laurdag kveld skjedde det utrulege at MGP.jr.-vinnaren kom frå Eid for andre år på rad. Det er ein kommune med vel 6.000 innbyggjarar, men med eit rikt musikkliv der kulturskule, operahus og rockefestival står sentralt, og der ikkje minst musikk og kultur har ein viktig plass både i grunnskule og vidaregåande skule.

– Eg fekk så mykje energi!, svara Oselie på spørsmålet om korleis det var å bli utropt til vinnar.

– Då eg sprang fram, så sprang eg berre rett forbi trofeet slik at eg måtte tilbake og hente det, seier årets MGPjr.-vinnar.

Vilde & Anna visste vinnaren

Fjorårsvinnarane Vilde & Anna overrekte trofeet.

– Det var ganske spesielt at vi skulle overrekke trofeet til Oselie. Vi fekk vite kven som hadde vunne litt før, så vi visste det faktisk. Vi måtte berre sjå rett fram og halde maska, for viss vi såg på kvarandre byrja vi berre å smile, fortalte dei to som vann med landeplagen «Vestlandet» i fjor.

Selje-ordførar Stein Robert Osdal var også til stades og gjorde krav på 50 prosent av Oselie.

– Mora di er frå Stad, så du er halv stadsar. Då er du 50 prosent vår, sa Osdal før han gratulerte og overrekte gåva med Sunniva-figur til MGPjr.-vinnaren.

Oselie sin song «Verda vår» fekk mykje ros for teksten då ho vart takka både av ordførar Alfred Bjørlo og fylkesordførar Jenny Følling. Songen handlar om flyktningkrisen og at vi ikkje berre kan sitje der og sjå, men må hjelpe dei som er i naud.

– Tenk om alle med makt i denne verda hadde vore like kloke som deg. Du er kanskje berre ei 14 år gamal jente frå ein liten stad, men du er med denne songen med og bevegar verda i rett retning. Og den beste gåva vi kan gje deg, er at vi tek med oss haldningane dine, sa Bjørlo.

Inspirert av klassekamerat

Følling sa det alle føler – at det nesten ikkje er til å tru at Eid vann MGPjr. for andre år på rad.

– Og det er nesten utruleg at ei jente på 14 år kan skrive ein så flott tekst, sa Følling.

Ein av dei Oselie seier inspirerte henne til å skrive teksten er kameraten Thomas Bashay, opphavleg frå Eritrea. Han var til stades på feiringa og heldt eit stort banner saman med kameraten Noah Aldema. Dei går i klassen og parallellklassen til Oselie på Eid ungdomsskule.

– Eg har kjent Oselie siden 1.-klasse og vi har alltid vore gode vener. Heilt sjukt at ho skulle vinne, og artig at ho let seg inspirere av mi historie til å skrive teksten. Eg tenkjer vi kan bruke dette til å skape medvit om at vi må ta endå betre vare på dei som treng det, seier Thomas.

Mora tenkte «oj!»

Det er no klart at Oselie skal vere med på juleturneen til MGPjr. Det same skal Vilde & Anna. Den landsdekkande turneen varer omkring ein månad og kjem til Operahuset på Eid 10. desember med to konsertar.

Mor til Oselie, Jannicke Hagen Henden, innrømmer at ho byrja tenkje på konsekvensane då triumfen fekk sige inn. Ho og mannen Ole Petter har fem born og driv eit byggjefirma med nærmare 20 tilsette.

– Eg vakna natt til søndag og tenkte «Oj». Men dette skal gå bra. Faren blir med på juleturneen. Eg har ein del å ta hand om heime. Kva som skjer vidare vil tida vise. Vår haldning er at Oselie skal få bestemme sjølv kva ho vil vere med på, seier mora.

Ho fortel at ho sjølv var aktiv i eit rikt musikkliv i oppveksten på Stadlandet, og at ho har teke med seg denne interessa inn i heimen.

– Vi har eit rom i huset med piano, musikkanlegg og mikrofon som blir mykje brukt av både Oselie og oss andre, fortel ho.

Ifølgje mora har Oselie vore på audition til MGPjr. ved to høve tidlegare. Det vil seie at ho har vore i ei gruppe på kring 20 artistar der ti er plukka ut til finalen. Årets siger er også eit døme på at det gjeld å ikkje gje opp.