Både aktørane og publikum sit på scena på konserten med Oslo Strykekvartett torsdag. Foto: Bo Mathisen

Både aktørane og publikum sit på scena på konserten med Oslo Strykekvartett torsdag. Foto: Bo Mathisen

Byr inn til konsert med intim og nær stemning

Torsdag blir det konsert med Oslo Strykekvartett i Operahuset Nordfjord

Oslo Strykekvartett er sett saman av musikarane Geir Inge Lotsberg, Liv Hilde Klokk, Ásdís Valdimarsdóttir og Øystein Sonstad.

– Repertoaret spenner frå standardverka med vekt på Beethoven til låtar av ABBA og Brubeck, som dei framfører med humor og ablegøyar. Sjølv Tosca og Peer Gynt går ikkje fri for kvartetten si utrøyttelege formidlingstrang, heiter det i ei pressemelding.


Inviterer til store opplevingar

Sølvguttene, Kari Bremnes, Ingrid Bjørnov og Linda Eide er nokre av dei ein kan få oppleve i Operahuset Nordfjord komande sesong.

På konserten i operahuset torsdag får publikum mellom anna høyre Beethoven, opus 59 nr 3 i C-dur, Langzamer satz av Webern.  

– Oslo strykekvartett har gitt ut ei rekkje CD-innspelingar til strålande kritikkar. Dei spelar regelmessig i Wigmore Hall, Carnegie Hall, ved Dortmund Streichquartett festival, Risør kammermusikkfest, Oslo Quartet Series, Orlandofestivalen og Canary Islands Music Festival, heiter det vidare i meldinga.

Både aktørane og publikum sit på scena på konserten torsdag.

– Såleis blir det skapt ei intim og nær stemning i Operahuset Nordfjord, skriv arrangørane.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå