Foto: Privat

Foto: Privat

Vilde og Anna ute med ny musikk

Vilde og Anna, som vann MGPJr i 2016 med songen «Vestlandet», kjem ut med ny musikk på fredag.

Det siste året har dei reist rundt i heile Norge og opptredd på konstertar og festivalar, og også deltatt i fleire underholdningsprogram på riksdekkande TV. I haust har dei har vore i studio og spelt inn ein flunkande ny EP, som blir gitt ut i starten av 2018, heiter det i ei pressemelding.


Fra denne EP’en blir det sleppt 2 singlar Fredag 17 november; «Vintertid» og «Gje blaffen».

– Jentene gler seg veldig til å gje ut ny musikk, og er kjempespente på om publikum tek godt imot dei nye songane, heiter det i pressemeldinga.

«Vintertid» handlar om den fine tida som er når den fyrste snøen kjem, og all spenninga og følelsane som er knytt til å gå inn i den fine vintertida, med snø og kulde. Vilde Hjelle står for tekst og melodi.


MGPjr-bonanza då eidarane feira Oselie

Sjå stor bildeserie frå festen!

«Gje blaffen» handlar om at både unge og vaksne må bli flinkare til å «gje blaffen» i ting som egentlig ikkje betyr noke, og heller vere den en er og bruke energien sin på ting som virkelig er viktige her i livet. Tekst og melodi er laga av Vilde Hjelle og Anna Naustdal.

Musikken er spelt inn og miksa ferdig av Ocean Sound Recordings på Giske, og Aleksander Raftevold har vore produsent, mens Johan Espelund og Karl Oskar Nyberg har bidratt på instrument.

Songane blir tilgjengelige på Spotify, Tidal, iTunes, Beat og andre streamingtenester.


- For andre år på rad! Korleis er det mogleg?

Mellom jubelen, tårene og heiaropa i Telenor Arena såg vi nordfjordingane som var til stades på kvarandre i undring.

 
Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå