I Italia er det vanleg med ansjos på pizzaen. Vi prøvde å byte den ut med vår milde og møyre matjessild, og resultatet vart kjempegodt! Berre hugs å legge silda på etter at pizzaen er steikt.

Dette treng du for å lage sildepizzaen:

12 stk matjessild-filet

Pizzabotn

Marinade:

4 stk sitron

1 knivsodd hakka frisk persille

4 ss kvitvinseddik

Salt og pepar

Topping:

4 fedd kvitlauk

1 stk brokkoli og 8 stk potet

4 stk mozzarella, fersk

12 stk cherrytomat

12 ss olivenolje

Slik lagar du pizzaen:

Sett steikeomnen på 180°C. Skjær sild i mindre bitar.

Marinade:

Press safta av sitronane og bland det med persille, eddik, salt og pepar. Ha silda i marinaden og la den ligge medan du lagar toppingen.

Topping:

Finhakk kvitlauk, del brokkoli i små bukettar, skjær poteter i små terningar, mozzarella i skiver og cherrytomat i båtar. Ha potet på eit steikebrett, dryss over kvitlauksbitane og olivenolje, og bak i steikeomnen i 10-15 minuttar. Skru opp varmen i omnen til 250°C. Dekk pizzabotnen med eit lett lag mozzarella. Fordel brokkoli og poteter over, og steik pizzaen i steikeomnen i 10-15 minuttar. Ta ut pizzaen og fordel silden, cherrytomat og ruccolasalat over.

Tips: Pizzaen smakar best med litt olivenolje og parmesan dryssa over.