– Ho er heilt fantastisk. Ho er kjempeflink til å danse, ho er veldig fin og ho er veldig god å synge. Ho er rett og slett amazing, samanfatta Vilborg Arna Jónsdóttir.

Saman med venninnene Sofia Verpeide Rimstad, Sandra Storøy, Kristine Solheim og Lina Degnepoll hadde ho møtt fram i Samfunnshallen for å følge Andrea Santiago Stønjum (16) si framføring i TV2-programmet The Voice.

Tippar på finaleplass

Etter fredagen framføring av songen Dangerous Woman av Ariana Grande var ikkje jentene frå 5. klasse på Skavøypoll skule i tvil om kva dei syns.

Måløy-jenta er no eitt steg nærare finalen. Fredag var ho ein av sju deltakarar som gjekk vidare i TV2-programmet.

– Det er veldig mange flinke songarar der, men ho er den beste, smilte Vilborg.

– Vi er veldig stolte av Andrea. Nivået er skyhøgt, så hugs for all del å stemme. For å få fram talent som Andrea er det viktig å satse på kultur, sa Maurstad.

Rekordmange musikantar

I Samfunnshallen var det duka for Kulturdryss frå scena. Blant innslaga var aspirant- og juniorkorpset i Vågsøy kulturskule.

– Vi har med oss dei som nettopp har byrja og dei som er inne i sitt tredje år som musikantar. Eg trur aldri vi har vore så mange på ein konsert før, sa dirigent Lisbeth Våge.

Over 40 aspirantar og juniorar frå Vågsøy kulturskule imponerte dei frammøtte i Samfunnshallen under Kulturdrysset. Musikantane spelte tre songar.

I tillegg til korpset fekk publikum sjå Seniordansarane, turnoppvising frå MIL Turn, fleire innslag med Vågsøy kulturskule, Skavøypoll Skulemusikkorps sine drilljenter og Skavøypoll Skulemusikkorps og Holvik skulemusikk som spelte saman.

I Nordfjordhallen var det fleire aktivitetar med blant andre hundeklubben, sportsskyttarlaget, sjakklubben discgolf- klubben og klatreklubben.

– Mellom 500 og 600 var innom hallen fredag. Alle aktørane er veldig fornøgde med besøket og interessa, seier dagleg leiar i Nordfjordhallen, Ronny Silden Totland.

Fredag kveld var det også duka for spøkelsesnatt på Vågsøy folkebibliotek.

– Det tok heilt av og eg har ingen oversikt over kor mange som var med, men eg kan med sikkerheit seie at det var over hundre ungar. Det var kjempemoro, seier Tamara Sortland.

Laurdag var det aktivitetsdag i Nordfjordhallen.

Konsert, vikingar og ukulele

I Selje var det fredag besøksdag på vaksenopplæringa der ein kunne bli betre kjent med dei internasjonale innbyggarane i kommunen. Her var det svært bra oppmøte, syriske småkaker, kaffi og gløgg. Både veteranar som snakka svært bra norsk, og heilt nye elevar på vaksenopplæringa som lærer meir norsk kvar dag var til stades på arrangementet.

I helga har det også vore minikonsert på biblioteket i Selje. Der var det triveleg song og musikk av kulturskuleelvane i Selje og på Stadlandet.

Dei frammøtte på besøksdagen til vaksenopplæringa fekk servert syriske småkaker, kaffi og gløgg. Her var det både heilt nye elevar og veteranar på vaksenopplæringa.

I Svelgen kunne ein lære seg å spele ukulele, det var lesestund for dei minste på biblioteket, open kafé på Samfunnshuset, barnekino og ungdomsaktivitetar i gamle gymsalen.

På Svelgen folkebibliotek vart det arrangert kurs i eit ukulele. Andreas og Mathias var klare for å lære nye ting medan Maia følgte spent med på som gjekk føre seg.

I Eid har det vore vikingsamling for barnehagebarna på Rundehogjen og underhaldning frå kulturskulen på Hogatunet, Eid eldretun og Elvebøen.

På Kringla var det bokkafé, på Amfi ny utstilling med musikalske innslag i Det Kreative Rom, konsert med Kari Bremnes i Operahuset og kulturnattpub i Bankkjellaren Bar og Gjestestove.

Barnehagebarn i Eid tok turen til gravhaugen Rundehogjen. Her fekk dei vikingbollar og helse på blant andre kultursjef Geir Holmen (t.h.) utkledd som viking.