Namn: Leon Knapskog

Alder: 32

Adresse: Nordfjordeid

Sivilstatus: kjærast

Yrke: gründer, som er utdanna kokk

Hobby: gitar, mat, vin, snowboard, musikk og film

Aktuell med: Arrangerer «budsjettsprekk-grilling» i Eidsgata laurdag

– Kva er budsjettsprekkgrilling?

– Vi skal starte opp restaurantkonseptet Aske – Gatemat og Bryggeri i Eidsgata, og innser at ting kostar meir enn vi hadde trudd. For å få inn litt meir pengar til restauranten og husleige arrangerer vi denne grillinga der folk kan betale kva dei ønskjer for ein porsjon med taco. Vi har prøvd å lage ein humoristisk vri på det at vi treng meir pengar, for det er ikkje slik at vi har problem. Vi veit at det er mange i Eid som gler seg til dette, og som vil vere med å hjelpe oss i gang.

– Kva skal de servere?

– Det er kjøkkensjef Silje Øygard, som har fått med seg sin tidlegare kokkekollega Sofie Hauge Hide, som skal grille skikkeleg kokketaco. Vi skal lage tre ulike typar taco. Ein med kjøt, ein med fisk og ein vegetar. Tacolefsene lagar vi sjølv og fyllet er tradisjonelt mexicansk med søtpotet, bøner, chili, koriander og lime. Rett og slett mykje smak.

– Kvar skal dette gå føre seg?

– Det blir utanfor restauranten vår midt i Eidsgata. Vi får håpe på betre vêr, men vi kjem til å servere tacoane i take-awayboksar, slik at folk kan ta med seg maten heim.

– Korleis har tilbakemeldinga på ideen vore?

– Folk syns det er utruleg kult og modig av oss ikkje å sette ein pris på tacoen. Folk er veldig positive, og vi har allereie fått ei pengegåve frå Lauget kaffi & kultur på Sandane på 10.000 kroner. Det er heilt utruleg kjekt.

– Korleis går arbeidet med Aske Gatemat & Bryggeri?

– Vi vil verkeleg opne dørene så raskt som mogleg, og vi satsar på å få gjort det i første halvdel av desember. Det meste er på stell, og det er stort sett berre finpussen igjen.

– Kva er konseptet til den nye restauranten?

– Det blir tre konsept midt i Eidsgata. Vi vil ha ein restaurant der menyen, som består av fire rettar, blir bytta ut kvar veke. Her blir det gode vinar og ordentleg restaurant. I tillegg blir det ein gatemat-del der ein også kan bestille take-away. Til slutt har vi bryggeriet der vi skal lage vårt eige øl. Alt skal vere gjennomtenkt og ekte handverk.