Ein av dei største stemmene i vår tid og frontmannen bak Noregs beste rockeband, Madrugada, er tilbake i eit nytt, brennheitt format. Sivert Høyem og råtøffe Paradise kjem til Malakoff18!, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Bandet har hits som Yellow, Goodbye 21st Century og Humiliation.

Side Brok og Sirkel Sag

Etter to års pustepause er hip-hop-heltane frå Hovdebygda tilbake for å spreie kjærleik på Malakoff18. Sirkel Sag og Side Brok kjem til å lage ellevill feststemning, og alle er inviterte.

Dette er for deg som er klar for ein real bygdefest med landets (bokstavleg talt) største hip-hop-gruppe.

– Du kan forvente deg: God musikk, god stil, godt humør og mykje fjas – alt på blodig alvor, heiter det i pressemeldinga.

Dei har hits som 1, 2, 3, fyre, Ørsta rådhus og H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A.

Dermed er Paradise, Gåte, Kjartan Lauritzen, Side Brok og Sirkel Sag, Thulsa Doom og Sløtface klare til Malakoff-festivalen som vert arrangert på Nordfjordeid 19.- 21. juli.

Fleire artistar vert offentleggjort utover vinteren og våren.