Songlaget hadde i kveld sin første konsert på to år for ein fullsett sal i Turnhallen i Måløy. I tillegg til Sølvi Myklebust som ny dirigent, hadde koret også med seg aritst og låtskrivar Line Dybedal, frå Selje, på piano. Etter konserten var meinte fleire i salen at dette er det beste songlaget har gjort nokon gong.

- Det er fantastisk at det kjem så mange for å høyre på oss. Utan publikum hadde det jo vore veldig kjedeleg å halde konsert!, seier Sandra Rosing Kvalheim som er leiar i koret.

Ho fortel at stemningsfulle songar stod i fokus denne gongen, og dei 180 frammøtte fekk høyre fleire kjende låtar som  Fields Of Gold, What A Wonderful World ogDen finaste eg veit.

Etter siste song fekk dei ståande applaus frå salen, og serverte eit ekstranummer som avslutning på kvelden.

Les meir om konserten i tysdagsavisa, og sjå alle bilda øvst i saka.