– Vi har lagt ned mykje arbeid, og då er det utruleg kjekt at så mange vil høyre på oss, seier Sandra Rosing Kvalheim som er leiar i koret.

Omkring 180 personar fylte salen i Turnhallen i Måløy, og mange var tydeleg begeistra over det dei fekk høyre.

– Dette er det beste dei har gjort nokosinne! Rett og slett balsam for kropp og sjel, sa fleire engasjerte publikummarar etter konserten som enda i ståande applaus og ekstranummer.

Heva nivået

Konserten hadde namnet Vinterkveld, og med seg hadde koret Line Dybedal på piano. Ho er artist og låtskrivar frå Selje, og har mellom anna laga songen som gav namn til konserten.

– Vi sat på eit møte og skulle finne songar, og då var det nokon som trekte fram den. Vi skulle eigentleg berre spørje Line om å spele piano til den songen, men så ville ho vere med på heile konserten, fortel Marit Sætren i songlaget.

– Det at Line både har arrangert songen sin for oss og at ho er med på konserten er heilt fantastisk, smiler Sætren og legg til at Dybedal på piano bidrog til ein endå betre konsert.

Ynskjer utfordring

Sjølv om koret ikkje har hatt konsert på to år, har det ikkje stått stille. Mellom anna har Sølvi Myklebust tatt over som dirigent.

– Vi ønskte oss ein dirigent som kunne utfordre oss, og gi oss noko å strekke oss etter. Det føler eg vi har fått til, og i dag viste vi større fylde i lydbildet, smiler Rosing Kvalheim.

Med eit breitt spekter av låtar, trur korleiaren at dei lukkast med å formidle stemninga dei ønska. I tillegg til Vinterkveld, stod mellom anna Fields Of Gold, Himmel på jord og Den finaste eg veit også på programmet.

– Denne gongen ville vi ha stemningsfulle låtar og sjølve korsongen i fokus, og det verkar som at publikum var veldig fornøgd, smiler ho og fortel at tilbakemeldingane har vore overveldande.

Sjølv om korsongen stod i fokus, fekk både Mats Brunsvik, Sverre Søraa, Åse Skjølberg, Terje Våge og Rosing Kvalheim sjølv prøve seg i rolla som solist.

– Ein er jo veldig spent, og det er herleg når det går så bra og ein får skryt frå publikum, seier ho og legg til at det ikkje er usannsynleg at konserten blir ein tradisjon.