– Eg skal ikkje nekte for at det er litt vanskeleg å halde følge. Ikkje fordi stoffet er så vanskeleg, men eg fokuserer meir på The Voice enn skule akkurat no. Eg arbeider sjølvsagt med skule når eg har tid. Men eg kan ikkje skubbe vekk dette. Skulen må vente. Dette er ein «once in a lifetime»-sjanse, seier 16-åringen.

Takknemleg for stemmer

Måløy-jenta trivst godt med hotellivet i hovudstaden, men har begynt å kjenne på saknet.

– Eg hugsar ikkje sist eg var heime i Måløy. Eg saknar bestevenninna mi, vennane mine, huset mitt, rommet mitt og dyra mine, men det går an å overleve saknet. Ein er i ei boble, men samstundes har eg beina godt planta på jorda, seier 16-åringen.

– Det er uverkeleg kvar gong. Eg veit ikkje korleis eg skal reagere lenger. Det er heilt sjukt og fantastisk. Eg er overraska og takknemleg, smiler ho.

I fredagens utgåve av The Voice framførte Måløy-jenta låten Set Fire To The Rain av Adele.

– Vi plar velje songane i samarbeid med crewet og mentorane, men denne songen var mitt forslag, fortel Andrea.

Kveldens favoritt

Det var ikkje berre publikum som let seg imponere av 16-åringen si framføring. Måløy-jenta fekk ståande applaus frå alle dei fire mentorane.

– Det er heilt sjukt. Er du gal! Du er søkande og det er mykje du vil. Det har du vist gjennom heile The Voice. Men aldri før har du sunge ein meir perfekt låt, sa mentor Yosef Wolde-Mariam.

Mentorane Lene Marlin, Martin Danielle og Morten Harket peika alle på Andrea som ein av kveldens favorittar.

Andrea vil ikkje tenke på kor langt ho kan nå.

– Eg tar steg for steg, og er stolt uansett korleis det går. Sjølvsagt blir det trist den dagen det er over, men det er ikkje krise.