– Dette vert ei knallavslutning på sesongen, skriv arrangørane Folkeakademiet Eid og Eid Frivilligsentral i ei pressemelding.

Ein gong i månaden får Kringla på Eid Frivilligsentral besøk av ein forfattar som presenterer bøkene sine. Denne gongen er det Arnfinn Kolerud frå Flatraket som kjem på besøk.

Kolerud si nyaste bok er Snillionen, ei humoristisk forteljing om kor vanskeleg det er å vere styrtrik – og eit godt menneske, som vart lansert i haust.

På arrangementet blir det også sal av mat og kaffi, og lynlotteri.