– Det var Eyvind Skeie som skreiv den fantastiske teksten ei natt i 1983. Han hadde om kvelden fått ein telefon frå ein fortvila far som hadde mista barnet sitt i ei drukningsulukke. No sat han der med tre andre born i djup fortviling. «Har du noko vi kan lese eller høyre på, ei forteljing som kan hjelpe?», spurde han. Skeie hadde ikkje det, men like etterpå får han det han sjølv opplever som «ein visjon i eit glimt» og Sommerlandet blir til.

Komponist er aserbajdsjanske Galib Mamadov. Han hadde lese boka til Skeie, som er omsett til mange språk, og var, som så mange andre, fascinert.

Tord Gustavsen har arrangert songane for koret SKRUK. No er det Sunnivakoret som skal framføre den vakre songsyklusen i Eid og Vanylven kyrkjer laurdag og Herøy kyrkje søndag. Skodespelar Cecilie Jørstad les teksten. Solist er Marita Bødal Nybakk, faste musikarar er Per Arild Skorgen og Svein Hunnes, og dirigent er Per Oddvar Hildre.