– Litt av tanken bak konserten er at folk, og spesielt dei yngre, frå Nord-Vågsøy skal ha ein arena der dei kan få delta på julekonsert. Og ikkje minst er det kjekt at skulekorpset er med. Eg synest det er heilt fantastisk å både sjå og høyre dei, seier leiar i songlaget, Ingri Føleide Hagen.

Songlaget har arrangert konserten i fleire år.

– Vi synest det å ha ein slik konsert er så verdifullt at vi har valt å halde fram med det, seier Hagen, som var nøgd også med årets konsert.

– Ja, eg synst det gjekk veldig bra. Det blei ein slags fred over konserten.

Første gang

For fleire av musikantane i skulekorpset var det første gang dei spelte på ein julekonsert. Men dei blei ikkje meir nervøse av høgtidsstemninga.

– Nei, det var gøy, seier Malou Rosing Kvalheim (9).

– Men eg var litt redd då vi gjekk opp for at eg skulle miste notestativet og alle notane mens folk såg på, seier Adele.

Skulekorpset spelte Det kimer nå til julefest, Frosty the Snowman, Selmas sang og Glade Jul. I tillegg til ungdommane i skulekorpset song Linea Helgestad og Karoline Kvalheim Myre to flotte songar kvar, medan Bernard Hagen spelte Vals i A-moll av Frédéric Chopin på piano.

Søskenstemmer

– Vi har lagt oss i kategorien «kortreiste julesongar» i år, sa Ole André Hopland, som saman med søskena Sølvi og Lars Helge framførte to songar skrivne av Sølvi sjølv, samt Stille kyrkjeklokka. Dei samstemte søskenstemmene gav ei svært fin oppleving under julekonserten.

Og sjølvsagt song også arrangørkoret. Dei innleia med I En Natt av Bjørn Eidsvåg og Gled deg, du jord, og avslutta med Glade Jul og Den hellige stad. På avslutningsnummeret, som vakte stor begeistring i kyrkja, var Klaus Iversen solist, Alice Teunis spelte piano medan dirigent Leif Arne Berg, som ofte sit ved pianoet, faktisk fekk dirigere.

Ingri Føleide Hagen fortel at det er spesielt å synge dei songane der ein har dirigent.

– Eg likar eigentleg å synge alt, men det er kanskje ekstra kjekt med dei songane der Leif Arne dirigerer oss. Han har vore vår tålmodige dirigent i alle år. Det set vi stor pris på.

Koret tel 16 medlemmer, og er heilt på smertegrensa, fortel korleiaren, men ho roser den gode fordelinga på kjønn.

– Vi har ei flott mannsrekke som vi er stolte av. Men vi tek gjerne imot nye medlemmer!

Sjå fleire bilde frå julekonserten på fjt.no.