Morfar Luis Santiago Ruiz, eller Lolo som ho kallar han, gjekk bort i slutten av februar i fjor. Han var den musikalske bautaen i Santiago-familien, og Andrea har mykje å takke morfaren for.

I gravferda song Andrea Songbird, som ho også plukka fram igjen i eit tidlegare The Voice-program denne hausten.

– Det var spesielt å synge den igjen, og eg følte sterkt at han var der og såg på. Eg ville fortelje han kor eg var hen, kor langt eg hadde kome og med håp om at han med det var stolt av meg, fortel ho ettertenksamt.

Klassisk piano

Det har vore musikk frå fleire kantar i familien Santiago Ruiz opp gjennom tida, men morfar Luis var den som hadde den største innflytelsen.

– Han gjorde at eg blei veldig interessert i musikken og han har inspirert meg mykje, fortel Andrea.

«Lolo» var mest inne i den klassiske musikken, både som utøvar og dirigent. Og sjølv om det ikkje er så mykje klassisk å høyre frå Andrea no, er dette likevel noko av det ho plukka opp ganske tidleg.

– Vi sat i bilen til morfar og høyrde på mange av platene hans. Seinare lærde han meg fleire klassiske stykke på piano, fortel 16-åringen.

Ville ikkje vere pyse

Men det er ikkje det klassiske pianospelet det norske tv-publikummet har fått høyre denne hausten. Det er Andrea si fantastiske stemme.

No er ho i finalen som ei av dei yngste deltakarane i The Voice nokosinne

– Det er fleire som har oppmoda meg til å vere med på liknande ting opp igjennom, og no ville eg ikkje vere pysete lengre, seier Andrea og smiler.

Utvikla seg mykje

Og songfuglen frå Måløy har blitt betre og tryggare veke etter veke.

– Mentoren min Yosef seier at eg har utvikla meg mykje over kort tid, og det er kjekt å høyre, seier ho, og legg til:

– Ein må tørre meir for å utvikle seg meir, og no har han sagt at eg har kome meg ut av skalet.

Ho er overraska at det har halde heilt til finalen laurdag.

– Det er veldig overraskande. Eg har aldri tenkt så langt med dette, for eg har berre teke det steg for steg, og program etter program. Den tankegangen har halde meg nede på jorda, seier den audmjuke songkometen før den spennande finalelaurdagen.