Årets MGPjr-vinnar Oselie og fjorårsvinnarane Vilde & Anna – alle tre frå Eid, er sjølvsagt med på årets juleturné!

I tillegg kan ein få oppleve Eirik, Noah, Dina og Karoline.

– For mange har MGPjr sin julekonsert blitt ein fast tradisjon for heile familien. Det er ein konsert med dei kjende julesongane, kombinert med finalistane sine eigne songar frå MGPjr, og så toppa med dei ulike fellessongane vi kjenner frå TV-finalane, skriv operahuset på sine nettsider.

Juleturneen tar ein rundtur rundt i heile landet. Frå Tromsø, Harstad og Svolvær i nord, til Stavanger og Kristiansand i sør, besøker MGPjr juleturné til saman 20 stader. Og Nordfjordeid, som no kan skilte med MGPjr-siger to år på rad, er ein av desse!

– Med seg i sleden har dei sjølvsagt bandet, snømannen – og kanskje kjem nissen? skriv operahuset.