Dette er sjette adventskonserten for søskenkoret som no er utvida med nokre ektefellar, søskenbarn og vener.

Dei held både på tradisjonen samtidig som dei prøver å ha med noko nytt kvart år.

O Helga Natt må for eksempel alltid vere med, men så har vi også alltid noko nytt, både for vår eigen del og for publikum sin del, seier Maria Helgesen i koret.

Line Dybedal, som er gift med Per Helge Helgesen, vil i år også stille med nokre heilt nye låtar.

– Vi kjem til å synge ei god blanding av norske og engelske songar, gamle og nye, seier Maria.

I år har koret også eksperimentert på musikarfronten. Dette er nemleg første gongen dei har nokon på trommer. Musikarane er Sondre Veland, Gunnar Solvåg, Jon Inge Sigerland og Johannes Aagaard. I tillegg har dei fått med seg ei blåsarrekke frå Flatraket som vil bidra på ein del songar.