Han lovar at dei skal gjere sitt for å sette stemninga i Samfunnshallen når dei laurdag inviterer til å sjå finalen på storskjerm.

Både ny prosjektor og massevis av lys skal på plass før finalefesten.

– Det blir eit skikkeleg show rundt det heile for å sikre den rette finale-kjensla!

2STA ved Måløy vidaregåande skal sørge for at publikum får noko godt å bite i. Utover det er ikkje programmet heilt spikra endå.

Då måløyværing Jørn Trollebø Kvalheim stod på scena i Idol-finalen i 2014, inviterte Silden Totland også til storsamling i Samfunnshallen – noko som blei ein suksess.

– Den gongen måtte vi til slutt stenge dørene fordi det rett og slett var fullt. Billettane vart lagt ut på måndag, så eg oppmodar folk om å kjøpe, dersom ein vil sikre seg plass, understrekar Silden Totland.